Ein vestlending - ein sjukehusjournal

Publisert

Kronikk av Erik M. Hansen, Adm. direktør i Helse Vest IKT og Herlof Nilssen, Adm. direktør i Helse Vest RHF.

Vi er klar - sykepleier med pasientjournaler foran seg

Kronikk av Erik M. Hansen, Adm. direktør i Helse Vest IKT og Herlof Nilssen, Adm. direktør i Helse Vest RHF.

Skal helsepersonell kunne gi deg god behandling, treng dei informasjon om deg. Det gjeld også om du blir behandla eller utgreidd ved fleire sjukehus. Slik har det ikkje vore til no.

Informasjonsflyten har ikkje vore eit problem innanfor eitt sjukehus, éin sjukeheim eller eitt legekontor. Men når desse har delt informasjon seg imellom, når utgreiing og behandling skjer på fleire sjukehus, så har informasjonen enten blitt sendt via elektroniske meldingar, utskrift eller oversending av papirkopi. Mange pasientar blir leie av å gjenta informasjon, og uroar seg over at viktig informasjon kan mangle.

Første i landet

Etter mange års arbeid for gode journalsystem og ny lov om pasientjournalar, er vi endeleg der i Helse Vest at vi som første helseregion i landet slår saman journalsystema våre. Slik blir same informasjon tilgjengeleg for alle sjukehusa våre. Særleg viktige opplysningar blir òg registrert i nasjonal kjernejournal. Denne er tilgjengeleg i sjukehus utanfor Helse Vest, slik at dei har tilstrekkeleg informasjon til å gi god pasientbehandling i akutte situasjonar.

Stortingsmelding nr. 9 (2012-2013) «Éin innbyggjar - éin journal» gav eit breitt bilete av utfordringane og potensialet for bruk av IKT i helsetenesta. Eit vesentleg punkt i meldinga var lovendringar som fremjar elektronisk samhandling. Ny lov om pasientjournalar gjeld frå 1. januar 2015 og opnar opp ei ny verd for helsetenesta - gitt at vi har systema på plass.

I praksis betyr lova at institusjonar kan dele elektroniske pasientjournalar. I tillegg kan informasjonen enkelt gjerast tilgjengeleg for anna helsepersonell som treng den. Dermed kan relevant helseinformasjon følgje pasienten frå A til Å, uavhengig av kor ein blir sendt i helsetenesta. Det er eit stort steg i riktig retning for både pasienten og helsetenesta.

I sjukehusa i Helse Vest har vi i dag elektroniske pasientjournalar for alle pasientar. Det helsepersonellet skriv om deg, blir lagra elektronisk. Røntgenbiletet blir teke, analysert og lagra elektronisk. Resultata frå ulike laboratorieundersøkingar inngår òg i pasientjournalen. Den digitaliserte informasjonen blir brukt i behandlinga og til kvalitetssikring og utvikling av helsetenesta. På sikt vil også meir informasjon bli tilgjengeleg for kvar pasient, via innlogging på vestlandspasienten.no og helsenorge.no.

Betre tryggleik

Når så mange journalar blir samla, reiser det spørsmål knytt til informasjonstryggleik og kven som kan lese journalen. Berre dei som har behov for tilgang, har lov til å lese i journalen din. Derfor blir alle oppslag i journalen loggført, og du kan be om kopi av innsynsloggen. Pasientane har òg rett til å sperre for tilgang til journalen. Og uansett, ein ting er sikkert: Tryggleiken er langt betre no, enn han var den gongen journalane var på papir.

I media høyrer vi historier om at faks, brev og CD-ar blir brukt for utveksling av informasjon i helse- og omsorgssektoren. Dette er ikkje godt nok. Helse Vest har møtt denne utfordringa med å samle alle pasientjournalar og medisinske bilete i regionale fellessystem med god styring av tilgang. I tillegg får pasientane tryggare medisinbruk ved innføring av elektronisk legemiddelhandtering. På denne måten bidrar Helse Vest til den nasjonale visjonen om «éin innbyggjar - éin journal».

 

Kronikken stod skrevet i Stavanger Aftenblad 11. mars 2015.

Relatert