Å få vere med å forme DIPS Arena

Publisert

Morgontimane har vore litt ekstra hektiske denne siste onsdagen i januar. Kardiologisk poliklinikk i Helse Fonna har starta med inntaksplanlegging og vurdering av tilvisingar i DIPS Arena.

Lege på sykehus

 

Vi er i femte etasje, i eit kontorlandskap på Haugesund sjukehus. Der sitt Åse Karin Snarheim Brynjelsen, koordinator i Helse Fonna, Rune Gederø, prosjektleiar i Helse Vest IKT og Lars Ilebrekke frå DIPS.

Dei har satt i gong pilot for inntaksplanlegging og vurdering av tilvising for ein time sidan. Det er mykje som skal på plass. No har dei tatt ein liten kvil før dei snart skal ned til andre etasje igjen og sjå korleis det går.

– Vi er jo spente, seier Rune. – Den jobben dei gjer her no er med å trygge løysinga, at vi er sikre på at den fungerer. Det er ein kjempeviktig jobb. Etterpå tar vi løysinga vidare til dei andre føretaka. 

Det er prosjektleiar Åse som har vore primus motor for å få i gong pilotprosjektet i Helse Fonna.

Eg syns det er kjekt å teste ny funksjonalitet i DIPS. Dette trur eg blir bra.

 

Å skape den beste løysinga

Før dei starta klokka åtte denne dagen har inntaksplanlegging og vurdering av tilvisingar i Dips allereie vore testa grundig og prosedyrane er laga på tvers av føretaka.

– Det er viktig at vi jobbar likt i alle føretaka, påpeikar Rune. – Og at vi har med oss nokon frå Dips gjer at vi kan justere og forbetre.

DIPS-representant Lars nikkar.

– Når vi får jobbe tett med brukarane ser vi tydeligare kva vi treng å forbetre slik at vi skapar den løysinga som er best for helsepersonell. Derfor er verktøyet stadig i utvikling. Allereie no, etter ein time, er første endringsønske kome inn, seier han og smiler.

Frå kontoret i femte, går vi ned til andre. Føre skjermane sitt Kjersti Pallesen og Anne-Grethe Andreassen.

– Det er klart, det er jo litt annleis. Ting tek litt tid no i starten.

Anne-Grethe ser på skjermen sin.

– Men verden går jo framover. Og så er det veldig greitt å få bygge det slik vi vil ha det.

 

Prosjektleiar Rune er nøgd.

– Flott at dei tek seg tid til dette, og at leiarane deira gir oss lov. Utan innsatsen her hadde vi ikkje kome så langt som vi er no. 

– Vi var veldig klare til å starte her på poliklinikken, seier Åse. – Alt er nytt, men så er det jo spennande å få vere med og påverke slik at vi får utvikle Dips slik vi meiner det blir best.

– Eg må få skryte av Åse, seier Rune, – det er hennar forteneste at vi er i gong her og at alt er lagt så godt til rette.

Helse Vest

Frå venstre: Lars Ilebrekke (DIPS), Rune Gederø (Helse Vest IKT), Kjersti Pallessen, Gunnar Nyland, Åse Karin Snarheim Brynjelsen og Anne-Grethe Andreassen (alle frå Kardiologisk poliklinikk, Helse Fonna). Foto: Eirik Dankel.
 

Relatert